Summer internship program, søknadsfrist 15. mars!
Kven er summer internship 2025 programmet for?
Programmet er for deg mellom 18-30 år som er tilknytta ein jobb i Sykkylven sommaren 2025 der du skal jobbe i 3 veker eller meir.
Korleis er det lagt opp?
Vi vil ha vår heilt eigne internship-los som vil lose dykk igjennom sommaren, med faste møtepunkt og som generelt kan hjelpe med smått og stort. Om du jobbar skift eller fast dagtid, så legg oss til rette med aktivitetar slik at alle skal få delta på ein god del.
Vi har 20 plassar i programmet og for deg som deltek dekkjer vi alle kostnadar til aktivitetane. Det du eventuelt må betale sjølv er nistemat på fjelltur, det du vil ha på grillen når vi samlast rundt eit bål i fjøra og det du vil ha i glaset på Brøvøllfestivalen.
Her er noko av det vi vil finne på:
- Brøvøllfestival
- Fjelltur
- Fjøregrilling
- Filmkveld
- Bærplukking
Er du klar for ein uforgløymeleg sommar i sommermekkaet Sykkylven??
Nysgjerrig? Send oss ein søknad da vel!
Det du treng å gjere er å sende ein superenkel søknad til oss der du seier noko om følgjande;
- Kven er du?
- Kvar skal du jobbe, eller kvar har du søkt jobb?
- Kvifor er det viktig for deg å delta på vårt Summer Internship-program?
- Kva ønska du å sitte igjen med etter å ha deltatt på programmet?
- Kan du by på ein funfact om deg sjølv?
Søknad sendast: lise.haukeberg@sykkylven.kommune.no innan 15. mars 2025.