Sirkulær-hub-samling i Molde

Vi ønskjer å få med fleire aktørar frå Sykkylven på sirkulære prosjekt og samarbeid – og alt neste veke ligg det ei fin moglegheit: Sirkulær-hub-samlinga i Molde torsdag 5. mars (kl. 10–16) på Scandic Seilet. Her møter du andre bedrifter, offentlege aktørar og fagmiljø – med mål om å gi inspirasjon, bygge nettverk og styrke kompetansen innan sirkulærøkonomi.
Nokre “godbitar” frå programmet:
- Kva skjer i EU og Noreg på sirkulærfronten (Norsk Senter for Sirkulærøkonomi)
- Nordiske døme på industriell symbiose og ressursproduktivitet (Linköping Universitet)
- Regionale dømer, blant anna frå Hornindalen/Biolast AS som skal snakke om investering
- Materialstraumsanalysar – korleis ta det vidare (Mepex) + businesscase-panel og workshop
Vi har òg eit konkret sirkulært prosjekt i gang lokalt i Sykkylven og Stranda:
TEKSTUR, som handlar om korleis tekstilavfall frå møbelproduksjon kan få nytt liv i nye produkt. Og i november 2025 samla vi rundt 30 deltakarar lokalt på Næringsfabrikken – med tydeleg interesse for meir samarbeid om sirkulære løysingar.
Ta kontakt med Lise i Omstillingsprogrammet om du har eit prosjekt innan det sirkulære, som du vil diskutere nærmare.
Kontakt:
Programleiar for Omstilling i Sykkylven kommune
Lise Haukeberg tlf: 98882292, e-post: lise.haukeberg@sykkylven.kommune.no
Vil du bli med til Molde? Sjå program og info her (og meld deg på/ta kontakt om du er usikker på frist/ledige plassar):
https://mrfylke.no/Kalender/CalendarEvent.aspx?Id=21036&lang=11&MId1=7
Les om den lokale samlinga i november 2025