June 3, 2024

TEKSTUR-seminar: Korleis løyse utfordringa med overskudd av tekstil frå møbelproduksjon?

Velkomen til ope seminar der vi delar frå prosjektet TEKSTUR. Eit viktig prosjekt for reduksjon av tekstilavfall ved bruk av industriell symbiose-tankegang der eit samarbeid mellom bedriftene Slettvoll, Ekornes, Formfin, Langlo og Byrg kompetanse har gitt spennande resultat.
Foto: PlussLab

Mandag 3. juni

kl. 12 - 14

SkaparLINKEN, 2. etg. i Pilgata 10, 6230 Sykkylven

Om arrangementet

Sykkylven Næringsutvikling og PlussLab inviterer til eit seminar der vi delar frå prosjektet TEKSTUR, saman med eksterne innleiarar. Dette er eit ope seminar der vi inviterar inn alle som er interessert i problematikken og som vil utforske vegen vidare saman med oss.

Korleis kan industriell symbiose-tenkning bidra til å løyse utfordringa med overskudd av tekstil frå møbelproduksjon?

Dette har dei regionale bedriftene Slettvoll, Ekornes, Formfin, Langlo og Byrg kompetanse utforska i fellesskap. Møbelbedriftene har samla tekstilrester frå sin produksjon og vi har besøkt Norsk Tekstilgjenvinning i Sandefjord. Her testa vi om disse tekstilrestane kan resirkulerast til nye fibre.

No ser vi flere moglege vegar vidare for tekstilrestane. Dette vil vi fortelje meir om denne dagen.

PROGRAM:

12:00 -12.05 Velkommen/ Lise Haukeberg/Sykkylven kommune og Anita C. Drabløs/PlussLab

12.05 - 12.25 Samarbeid om design av bærekraftige lydabsorbenter/ Birgitte Relling/Rom&Tonik og Randi Sæther/Byrg Kompetanse

12.25 - 12.55 Presentasjon av Tekstur -prosjektet/ Karoline Fløtre Gati/Slettvoll og Anita C. Drabløs/PlussLab

12.55 - 13.15 Diskusjon/ pause

13.15 - 13.30 Bærekraftsfylket og støtteordninger/ Martin Ose/ Møre og Romsdal Fylkeskommune

13.30 - 13.45 Ombruk og materialgjenvinning/ Øystein Solevåg/Attvin

13.45 - 14.00 Oppsummering

Møtet vert leia av Lise Haukeberg fra Omstillingsprogrammet og Anita C. Drabløs fra PlussLab.

Industrielle symbioser er ei satsing fra Møre og Romsdal Fylkeskommune, som oppfordrar til å utforske mogleg samarbeid i regionen på mer bærekraftige verdikjeder. TEKSTUR er finansiert av Skaparkraft fra Møre og Romsdal Fylkeskommune.

Det vil bli kaffe og lett servering undervegs.

VELKOMEN!

PÅMELDING